«Kunnskap for framtida»

Fagdag: Autismespekterforstyrrelsar hos barn og unge

Fra: 08. november 2017 08:30

Til: 08. november 2017 16:00

Stad: Berte Kanutte, Store auditoriet


Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP) i samarbeid med Høgskulen i Volda, arrangerer kurs for lokale samarbeidspartar 8. november.

For meir informasjon og påmelding: www.hivolda.no/asf

Hovudinnleiar: Bernhard Weidle
Weidle er overlege, spesialist i pediatri og barne­ og ungdomspsykiatri, dr. med fra Universitetet i Tübingen, Tyskland.

Program

08.00-08.30: Registrering
08.30-08.40: Velkomen ved  BUP Volda
08.40-09.00: Stipendiat og lege Lise Reindal og klinisk pedagog Lise Bae Andresen om gruppetilbodet for barn med autisme-
spekterliding
09.00-09.20: Bente Hasle, Høgskulen i Volda: Foreldrekraften - en undervurdert ressurs når barn har vansker
09.20-09.30: Pause med frukt
09.30-11.30: Berhard Weidle: Kva er dei viktigaste kjenneteikna for å gjenkjenne barn med ASF?  
• Er det skilnader i symptombiletet mellom gutar og jenter med ASF?
• Korleis kan ein skilje mellom ASF og andre barnepsykiatriske tilstandar (differensialdiagnose) og kva med sam-tidig førekomst av fleire av desse tilstan-dane (komorbiditet)?
11.30-12.15: Varm lunsj
12.15-14.00: Bernhard Weidle:
• Psykoedukasjon: Korleis informere om diagnosen? kva med born eller foreldrene som ikkje vil ha diagnosen?
• Behandlingsstrategiar: Kva tiltak virkar? Kva tiltak kan vere nyttig i 1. linja for å støtte meistring av skule­situasjonen og kvardagen generelt?
14.00-14.15: Pause med kaffi og kake
14.15-16.00: Bernhard Weidle:
• Korleis kan ein lette overgangar mellom ulike utviklingsstadium (barne-hage /skule, mellom dei ulike trinna, overgang frå ungdom til vaksen)?
• Kva med alternative behandlingsmåtar/alternativ medisin?