«Kunnskap for framtida»
Studiebygda Volda

             

Publisert: 14.01.2005 13:00 av Kristian Fuglseth

- Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, er etablert ved Høgskulen i Volda frå 1. januar 2005, fortel prosjektleiar Anne Steinsvik Nordal. Arbeidet med å førebu den offisiell opninga 30. mars er i gang. Statsråd Kristin Clemet vil vere tilstades ved opninga, det vert skipa til ein nasjonal konferanse med tema ’Nynorsk i opplæringa’ i samband med opninga.



- Det vert opning av senteret onsdag 30. mars, med tydeleg markering av opninga i kantineområdet på Berte Kanutte der elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande skule vil delta med tekster, musikk og dans. fortel Anne.

- Etter markeringa i kantina, vert det offisiell opning for gjester og andre interesserte i Berte Kanutte stor auditorium, der statsråden vil halde opningstalen.  Seinare vert festmiddag for innbodne gjester, og stor kulturkveld for alle interesserte om kvelden den 30. mars.

 

Neste dag vert det skipa til fagleg konferanse med tema ’Nynorsk i opplæringa i den 13-årige utdanninga’, der kjende namn som Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Kjell Lars Berge, Synnøve Matre, Roger Lockertsen og Benthe Kolberg Jansson vil halde innlegg.

 

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ynskjer på denne måten å vise seg tydeleg fram ved sidan av dei to andre nynorskinstitusjonane i Volda, Ivar Aasen instituttet og Nynorsk Kultursentrum.