PÅMELDING OG PROGRAM

På Utdanningsdagen ved Høgskulen i Volda kan du sjølv velje kva fagområde/studium du ønskjer å høyre meir om. Du får informasjon om tilbodet, får snakke med faglærarar og studentar og du får ein smakebit av undervisninga. Målet vårt er at du skal få større innsikt i kva tilbod høgskulen har til deg og at du skal stå betre rusta til å ta eigne studieval.

Lenke til påmeldingsskjema finn du til høgre i menyen. I skjemaet kan du velje tre ulike fagområde/studium. Du vil i etterkant av påmeldinga få tilsendt ei stadfesting og program for dagen i Volda.  

Program

10.00 - 10.45: Velkomen!
Opning av Utdanningsdagen i kantina, Berte Kanutte-huset.
15 min
11.00-11.45: Utdanningsval 1
15 min
12.00-12.30: Høgskulen spanderer lunsj i kantina, Berte Kanutte-huset til alle deltakarar.
15 min
12.45-13.30: Utdanningsval 2
15 min
13.45-14.30: Utdanningsval 3
14.40: Vel heim, bussavgang ovanfor Volda vidaregåande skule

Gjer deg kjent med fagområda ved høgskulen:

     
       

Helse og sosialfag

 

Grunnskulelærar

 

Historie 

 

Barnehagelærar  

     
     

Idrett og friluftsliv 

 

Media, IKT og design 

 

Journalistikk 

 

Formgjeving, kunst og handverk

       
     

Språk og litteratur

  PR, kommunikasjon og media  

Animasjon 

 

Planlegging og administrasjon
/Samf. vitskap

     
    Religion_livssyn.jpg  

 Musikk

 

 

Drama og teater

  Religion og livssyn  

NTNU Ålesund Høgskolen i Molde

 

Finn fram på campus

For å enkelt finne fram på campus kan ein laste ned appen Mazemap. I appen kan du til dømes søkje etter ønska romnummer: du får vite kvar på campus rommet er og korleis du skal kome deg dit frå staden du står.

Mazemap finst også på nettsida use.mazemap.com (vel Høgskulen i Volda). Appane kan du laste ned på App Store (Iphone) og Google Play (Android).

Du finn meir informasjon om campus ved å følge denne lenka!

kart.jpg

1: Berte Kanutte-huset 2: Kaarstad-huset 3: Strøm-huset  

4: Aasen-huset 5: Idrettsbygget

Bussavgang ved Volda vgs: ovanfor Idrettsbygget