«Kompetanse for framtida»

LMU - mandat og rolle

Styret har overordna ansvar for læringsmiljøet, og studentane sitt "arbeidsmiljø".
Læringsmiljøutvalet skal føljge med utviklinga, og gi styret informasjon gjennom årlege rapportar. Vi kan også ta opp saker på eige initiativ, og ynskjer å følgje med det som rører seg blant studentane. LMU skal vere studentane sitt utval, der dei kan få medverknad på felt som gjeld deira læringsmiljø, sikkerheit og velferd.

Kvalitetssikring og læringsmiljø

Høgskulen har system for å sikre kvalitet i utdanninga, og læringsmiljø skal vere ein del av dette. Dette rapporterer vi om til departement og NOKUT. Rutinane våre skal sikre god studiekvalitet, både fysisk og psykososialt, gjennom evaluering av studia, system for å handtere klager m.m.

GENERELT OM LÆRINGSMILJØUTVALET

Læringsmiljøutvalet skal ha like mange studentar som tilsette representantar, jf. retningslinjene til LMU. I tillegg er det ein sekretær, og observatørar frå IT og Studentsamskipnaden (studentrådgivar) i utvalet. Leiar vert vald vekselvis mellom tilsette og studentar. Dette gir studentane ei sterk rolle, der det vert lett å spele inn saker.

Sjå liste over medlemma i Læringsmiljøutvalet.