«Kunnskap for framtida»

Studentars adgangsrettar i studentkortet

For HVO-studentar er studentkortet ope (dvs opnar dører) frå semesterstart ca 15. august og til semesterslutt om våren ca 20.6. For dei som sluttar studiet ved jul stenger kortet ved nyttår.

Last ned faldar om studentkort (pdf)

Alle HVO-studentar har ein basis-adgang i kortet, dvs alle dei store husa og felleområda  24 timar i døgnet 7 dagar per veke. (Idrettsbygget: adgang måndag.fredag kl 08-16, VSI-medlem måndag-fredag kl 08-22)
Dei som studerer eit emne der undervisinga foregår i spesialrom får adgang til desse når dei er registrert i StudentWeb på emnet. Dette skjer automatisk (med ca 5 minutt forsenking)

I sommarferien frå ca 20.6 - 15.8 er studentkorta stengt.
Studentar som treng tilgong i sommar må vende seg til avdeling/faglærar el.l. som sender ein epost til Drift med stadfesting av behovet.
Terskelen treng ikkje vere høg, men det må vere eit studie-relatert behov. «Eg skal vere i Volda i sommar» er ikkje nok.
Dei får då tilgong til lesesal i BK 2. etg og datarom i BK 3.etg.

Studentar som kjem direkte til Drift vert bedt om å vende seg til avdelinga.

Vi treng ikkje kortet for å opne det, epost er nok.