«Kompetanse for framtida»

Steinnes med i ekspertgruppe

Publisert: 11.09.2017 12:55 av Per Straume

Førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda, Gerd Sylvi Steinnes, er peikt ut av regjeringa til å sitte i ei ekspertgruppe som skal sjå nærmare på barnehagelæraren si rolle i barnehagen.

Gerd Sylvi Steinnes

Ekspertgruppa får i mandat å beskrive, tydeleggjere og analysere korleis barnehagelærarrolla utøvast, både i det pedagogiske arbeidet med barna og i leiing og rettleiing av dei andre tilsette i barnehagen. Gruppa skal også gi råd om korleis profesjonen og utdanning kan vidareutviklast for å sikre høg kvalitet i framtidas barnehagar.

Gruppa skal skaffe eit kunnskapsgrunnlag som aukar forståinga for barnehagelærarens rolle og profesjonsfellesskap. Også styrarens rolle og betyding for det pedagogiske arbeidet vil bli vurdert.

Regjeringa la i vår fram en ny rammeplan med krav til barnehagen som pedagogisk institusjon. Regjeringa har også revidert kompetansestrategien for barnehage, og foreslått å skjerpe pedagognorma slik at kravet om andelen barnehagelærarar i barnehagen aukar frå 33 til 43 prosent.

Det beste for barna

Gerd Sylvi Steinnes ser fram til arbeidet med barnehagelærarrolla.

– Det er veldig kjekt å bli utnemnt. Dette er noko eg har veldig lyst til og gler meg til å halde på med, seier Steinnes.

– Kva tek du med deg inn i dette arbeidet?

–  Mitt utgangspunkt er at det primære oppdraget ein barnehagelærar har er barna – å gi eit best mogleg tilbod til barna. Barnehagelærarane må få nokre rammer for at dei skal klare å nå opp til det mandatet dei er gitt.

Steinnes disputerte for sin doktorgrad i 2014, der ho tok for seg barnehagelærarar sin profesjonalitet under press. I etterkant har ho hatt oppdrag frå både Kunnskapsdepartementet og Nasjonalt råd for lærarutdanning (NRLU).

– Summen av dette er nok grunnen til at eg vart med i denne ekspertgruppa, meiner Steinnes.

Solid og brei fagleg bakgrunn

Gruppa skal ha første møte 19. september og levere sin rapport 1. desember 2018. Professor Kjetil Børhaug ved Universitetet i Bergen er leder for gruppa.

– Eit godt kunnskapsgrunnlag om profesjonen vil bli viktig for det vidare arbeidet med å løfte barnehagelæraren. Eg er glad for at vi no har fått på plass ei gruppe forskarar og fagpersonar med solid og brei fagleg bakgrunn, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Dei andre medlemmane i ekspertgruppa er:

  • Professor Thomas Moser, Høgskolen i Sørøst-Norge, Institutt for pedagogikk, Campus Vestfold
  • Professor Anton Havnes, Senter for profesjonsstudier, Høgskolen i Oslo og Akershus
  • Førstelektor Anne Myrstad, Universitetet i Tromsø, Institutt for pedagogikk og lærerutdanning
  • Førstelektor Kari Hoås Moen, Høgskolen Dronning Mauds Minne
  • Instituttleder Hege Fimreite, Høgskolen på Vestlandet, Institutt for barnehagelærer­utdanning i Sogndal
  • Daglig leder Øivind Hornslien, Betha Thorsen Kanvas-barnehage i Oslo
  • Avdelingsleder Helene Berntsen Brennås, Nardosletta barnehager i Trondheim