«Kompetanse for framtida»

Ein sjeldan dosent

Publisert: 06.09.2017 11:00 av Per Straume

Med Arne Kåre Topphol sitt dosentopprykk har Høgskulen i Volda fått etterlengta og ikkje minst ettertrakta toppkompetanse i matematikkdidaktikk, som vil vere til stor gunst for grunnskulelærarutdanninga.

topph_620.jpg

Topphol har fått godkjent opprykk til dosent i matematikkdidaktikk – eit svært viktig fagfelt i utdanninga av lærarar som skal undervise i matematikk. Men også eit fagfelt som det er få i Noreg som oppnår toppkompetanse (dosent eller professor) i.

Nesten aleine i Noreg

Topphol kjenner fagmiljøet i landet ganske så godt og meiner han no blir den andre dosenten i matematikkdidaktikk. Den andre er Bjørn Smestad frå Høgskolen i Oslo og Akershus, som også er dosent II ved Høgskulen i Volda.

– I tillegg meiner eg det er rundt ti professorar i matematikkdidaktikk i Noreg. Universitetet i Agder har vore ganske flinke til å satse på fagfeltet og har nokre professorar, men mange av dei henta frå utlandet. Ein bør klare å få fram fleire med toppkompetanse i dette landet, meiner Topphol.

Svært viktig for GLU

Då ein skulle få akkreditert den nye femårige grunnskulelærarutdanninga på masternivå, hadde den einaste med toppkompetanse i matematikkdidaktikk ved HVO, professor Ole Einar Torkildsen, gått av med pensjon. Torkildsen bidrog framleis med ein del undervisning, men ein hadde behov for meir arbeidskraft med denne toppkompetansen. Det var eit av dei kritiske punkta for at ein framleis skulle kunne utdanne grunnskulelærarar i Volda – og også det siste som kom på plass før NOKUT godkjende søknaden.

Kravet om at ti prosent av dei som underviser i matematikk på grunnskulelærarutdanninga må ha toppkompetanse, vart løyst ved å tilsette nemnte Bjørn Smestad og Markku Hannula frå Universitetet i Helsinki som høvesvis dosent II og professor II (20 prosent stillingsandel). I tillegg måtte også pensjonerte Torkildsen inn med ein stillingsandel på 30 prosent for å oppfylle kravet om 70 prosent stilling toppkompetanse totalt.

– Denne toppkompetansen har vore ei utfordring for dei fleste høgskular og universitet i landet. Difor er vi svært glade for opprykket til Arne Kåre, og veit no at vi har den naudsynte kompetansen i ei full og fast stilling ved høgskulen. No er vi på trygg grunn med tanke på grunnskulelærarutdanninga, seier dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Arne Myklebust, og legg til:

– Vi har eit sterkt matematikkmiljø ved høgskulen, som har drive og driv med mykje relevant klasseromsforsking.

Solid bakgrunn

Nettopp den forskinga er ein viktig grunn til at Topphol no har fått tittelen dosent. Topphol har hovudfag og doktorgrad i fysikk frå Universitetet i Bergen, og vart i 1990 tilsett ved Høgskulen i Volda. Frå då av har han retta seg inn mot matematikk og forska mykje på det som skjer i klasserommet i matematikkundervisninga i grunnskulen. Det siste forskingsprosjektet han har vore delaktig i er SPEED.

– I tillegg har eg vore med på å utvikle ganske store etter- og vidareutdanningsprogram i mattematikk og naturfag. Eg var også med på å starte opp mastergraden i undervisning og læring, og no sist var eg med på å utvikle den nye grunnskulelærarutdanninga, der eg hadde spesielt ansvar for metodeemnet i masterdelen av utdanninga, seier hareidsdølen som også var prorektor ved høgskulen i perioden 1997-2003.