«Kompetanse for framtida»

Rekordmykje papir til styremøte

Publisert: 07.09.2016 16:25 av Per Straume

Før styremøtet ved Høgskulen i Volda torsdag har styremedlemmane fått 781 sider med styrepapir i fanget. Brorparten av sidene omhandlar søknadane om akkreditering av ny grunnskulelærarutdanning.

Anne Øie og Arne Myklebust
Prodekan Anne Øie og dekan Arne Myklebust ved Avdeling for humantiske fag og lærarutdanning sit med ein lang søknad etter intenst arbeid dei siste månadane.

Ifølgje rektor Johann Roppen er dei 781 sidene ny rekord for styrepapir ved høgskulen med klar margin. Roppen poengterer også at han er glad for at dokumenta kan lesast digitalt, slik at ein skånar miljøet.

550 av sidene omhandlar søknadane til Nasjonalt Organ For Kvalitet i Utdanningen (NOKUT) om akkreditering av den nye femårige grunnskulelærarutdanninga (GLU). Det har vore eit tidkrevjande arbeid for dei involverte i søknaden.

– Dokumentasjonskravet til NOKUT har vore veldig omfattande når det gjeld planverk, infrastruktur og kompetanse, fortel dekan ved Avdeling for Humanistiske fag og lærarutdanning, Arne Myklebust.

To innhaldsrike søknadar

1. september måtte han ha søknadane klar og torsdag 8. september skal den styrebehandlast av Høgskulestyret i Volda, medan fristen for å sende dei til NOKUT er 15. september. Det er skrive to separate søknadar for GLU 1-7 og GLU 5-10, med ein god del ulikt innhald. Søknadane skal også behandlast av to ulike NOKUT-kommisjonar.

– Til dømes har vi levert ein oversikt med CV og publikasjonsliste for alle dei tilsette som er tenkt å undervise i den nye lærarutdanninga. Det er ein stor og viktig del av søknadane, også i forhold til godkjenninga, seier Myklebust.

Heilt avgjerande

Arbeidet starta opp for rundt halvanna år sidan, då det vart sett ned ei arbeidsgruppe beståande av tre dekanar, studiedirektør, ein prodekan, studieleiar for GLU, og leiar for mastergraden i undervisning og læring. Dei har leia arbeidet heile vegen.

Sidan i vår har dosent ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag ved HVO, Randi Bergem, vore leigd inn for å arbeide med søknadane.

– Ho har vore sekretær og stått for sjølve søknadsskrivinga. Randi har gjort ein heilt avgjerande jobb, utan ho hadde vi ikkje kome i mål. Samstundes er det mange andre av både fagtilsette og i administrasjon som har gjort ein kjempejobb. Det gode samspelet vi har hatt, gjer at vi har levert to søknadar som vi meiner er gode, seier Myklebust.

Ser lyst ut

Etter at NOKUT har gått gjennom søknadane, vil høgskulen få tilbakemelding og kunne gjere endringar to gongar. Myklebust ser ikkje dei store skjæra i sjøen og er optimist.

– Vi fyller dei formelle kompetansekrava, bortsett frå at vi ikkje har nok toppkompetanse i matematikkdidaktikk. Det er ein situasjon som vi trur vi får til å løyse. Dei kvalitative vurderingane av fagmiljøa våre er det vanskeleg å vite korleis dei vurderer. Det gjeld mellom anna om vi har relevant forsking på høgt nivå.

For utanom dei 550 sidene styret får presentert, inneheld også søknadane om lag 200 sider med 95 emneplanar for dei to nye masterutdanningane.

I tillegg til nye masterutdanningar for GLU, inneheld også styrepapira 100 sider om søknad om akkreditering av ny mastergrad i mediefag.

Sakliste og saksdokumenta for styremøtet torsdag 8. september kan du lese her.