Fagdag: Autismespekterforstyrrelsar hos barn og unge

  • Tid: 8. november 2017 kl. 8.30 - 16.00
  • Stad: Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, Store auditorium
  • Gå til påmeldingsskjema
  • Påmeldingsfrist: 25. oktober


Kart: MazeMap

Kurset blir søkt godkjent hos Norsk Psykologforening og Den norske legeforening.

Foredragshaldarar

weidle.jpgHovudforedragshaldar Bernhard Weidle er overlege, spesialist i pediatri og barne­ og ungdomspsykiatri, Dr. Med frå Universitetet i Tübingen, Tyskland og Ph.D. frå NTNU, Trondheim.

Han har i mange år vore leiar av nevroteamet ved Barne­ og ungdomspsykiatrisk klinikk, St. Olavs Hospital,Trondheim.

Weidle er Førsteamanuensis i barneog ungdomspsykiatri ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, Midt­Norge.

Andre medverkande

Stipendiat og lege Lise Reindal og Klinisk pedagog Lise Bae Andresen frå Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP).

Førsteamanuensis Bente Hasle ved Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag.

Program

08.00-08.30: Registrering

08.30-08.40: Velkomen ved  BUP Volda

08.40-09.00: Stipendiat og lege Lise Reindal og klinisk pedagog Lise Bae Andresen om gruppetilbodet for barn med autismespekterliding

09.00-09.20: Bente Hasle, Høgskulen i Volda: Foreldrekraften - en undervurdert ressurs når barn har vansker

09.20-09.30: Pause med frukt

09.30-11.30: Berhard Weidle: Kva er dei viktigaste kjenneteikna for å gjenkjenne barn med ASF?

  • Er det skilnader i symptombiletet mellom gutar og jenter med ASF?
  • Korleis kan ein skilje mellom ASF og andre barnepsykiatriske tilstandar (differensialdiagnose) og kva med samtidig førekomst av fleire av desse tilstandane (komorbiditet)?

11.30-12.15: Varm lunsj

12.15-14.00: Bernhard Weidle:

  • Psykoedukasjon: Korleis informere om diagnosen? kva med born eller foreldrene som ikkje vil ha diagnosen?
  • Behandlingsstrategiar: Kva tiltak virkar? Kva tiltak kan vere nyttig i 1. linja for å støtte meistring av skule­situasjonen og kvardagen generelt?

14.00-14.15: Pause med kaffi og kake

14.15-16.00: Bernhard Weidle:

  • Korleis kan ein lette overgangar mellom ulike utviklingsstadium (barne-hage /skule, mellom dei ulike trinna, overgang frå ungdom til vaksen)?
  • Kva med alternative behandlingsmåtar/alternativ medisin

Vel heim!