barnogmedverknad_banner.jpg

 

Konferanse: Barn og medverknad

  • Tid: 14. september 2017 kl. 13.00 - 16.30
  • Stad: Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, Store auditorium


Kart: MazeMap

Volda kommune og Høgskulen i Volda inviterer til konferanse om barn og medverknad: korleis kan barn medverke i utforming av uteområde knytt til barnehagar og skular.

Program

13.00: Velkommen. Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda
13.05: Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse. Randi Bergem, dosent Høgskulen i Volda
13.15: Om nærmiljøprosjektet i Volda kommune, Regine Aklestad, planleggar Volda kommune
13.30: Korleis mobilisere barn og unge til å delta? Trine Grytøyr, rådgjevar Nordland Fylkeskommune
14.15: Beinstrekk/kaffipause
14.30: Barn og medverknad i utforming av eigen kvardag. Berit Bae, professor emerita, Høgskolen i Oslo og Akershus
15.30: Barn og medverknad i utforming av omgivnader. Metodar for å samle inn og tolke innspel frå barn. Ingri Høyland Kvamstad. COurban design collective
16.15: Avslutning
16.30: Slutt

Bakgrunn for konferansen

Helsedirektoratet har teke initiativ til satsinga Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse. Midlar frå satsinga skal gå til kartlegging og utviklingsarbeid retta mot å utvikle nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse, og til å skaffe kunnskap om korleis kvalitetar i nærmiljøet kan takast omsyn til i planarbeidet i kommunar. Medverknad er sentralt i denne samanhengen.

Volda kommune er ein av seks kommunar i Møre og Romsdal som er med i satsinga. Volda kommune samarbeider med Høgskulen i Volda om prosjektet, som har lagt særleg vekt på barn og medverknad.

Konferansen er eit ledd i kunnskapsbygginga ved at den skal gi grunnleggande kunnskap om barn og medverknad, og gi innblikk i metodar og tilnærmingar i arbeidet med barn og medverknad.

Målgrupper

Tilsette i barnehagen, planleggarar og folkehelsekoordinatorar i kommunar og fylke, skuleleiarar, leiarar for fritidsordningar, tilsette og studentar ved planutdanning og barnehagelærarutdanning

Innleiarar

 Berit_Bae_150.jpg   Berit Bae er professor emerita ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Ho har arbeidd i over 30 år innan barnehagefeltet. I løpet av desse åra har ho også vore tett på barnehagepersonale og utvikla ny kunnskap, basert på praksisretta forsking. Berit Bae har hatt særleg fokus på relasjonsprosessar i barnehagen og dialog mellom barnehagelærar og barn. Ho har publisert artiklar både nasjonalt og internasjonalt, og vi kjenner henne mellom anna som ein av bidragsytarane i Temahefte om barns medvirkning og som redaktør av boka Medvirkning i barnehagen. Potensialer i det uforutsette.
   
Trine_Grytoyr_150.jpg Trine Grytøyr har bakgrunn frå sosiologi og statsvitskap, og arbeider som rådgjevar, med ansvar for ungdomsmedverknad, i Nordland fylkeskommune. Dei siste åra har ho også vore knytt til prosjektet MED ungdom i fokus, der det sentrale er vidareutvikling av metodar for aktiv medverknad for barn og unge på ulike samfunnsområde. Trine Grytøyr er spesielt opptatt av at rettane til barn og unge blir ivaretatt, og at barn og unge sjølve skal få vere aktive i utvikling av eigne liv og lokalsamfunn.
 
Ingri_Kvamstad_150.png Ingrid H. Kvamstad er utdanna samfunnsplanleggar ved Roskilde Universitet, Danmark. Ei utdanning der by­ og samfunnsplanlegging er basert på sosiale, demokratiske og beredyktigheits prinsipp. Ingri H. Kvamstad er medeigar i COurban design collective, som er ei tverrfagleg konsulentverksemd som jobbar i heile Skandinavia med demokratisk byutvikling gjennom brukarmedverknad og stadsspesifkk kartlegging.