«Kunnskap for framtida»
Studiebygda Volda

             

Publisert: 19.06.2007 10:05 av Kristian Fuglseth

Mangelen på nynorske læremiddel har vore ein hovudgrunn til at minoritetsspråklege i nynorskkommunane har fått eit mangelfullt nynorsktilbod. Høgskulelektorane Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal, som båe har lang røynsle med norskopplæring for minoritetsspråklege, ynskte å gjere noko for å betre på stoda. Med stønad frå Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) byrja dei arbeidet med å utvikle ein nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege, og no ligg resultatet føre.

 Birgitte Fondevik Grimstad (sitjande) og Hilde Osdal legg siste hand på den nynorske grammatikken for minoritetsspråklege. (Trykk på bilete for å laste opp høgoppløyseleg fil)
Birgitte Fondevik Grimstad (sitjande) og Hilde Osdal legg siste hand på den nynorske grammatikken for minoritetsspråklege.

- Denne grammatikken er tenkt å vere ei enkel innføring i nynorsk grammatikk, med både teori, forklaringar og arbeidsoppgåver. Me har lagt meir vekt på konkret og praktisk oppgåveløysing enn på teori, fortel Osdal og Grimstad.

Grammatikken ligg ute på vevsida www.nynorsksenteret.no/grammatikk/ til gratis bruk. Han høver for alle som vil lære nynorsk frå grunnen av, men vender seg særleg til ungdomar og vaksne minoritetsspråklege med ein viss skulebakgrunn frå heimlandet.