«Kunnskap for framtida»
Studiebygda Volda

             

Publisert: 08.05.2006 14:40 av Kristian Fuglseth

Nynorsksenteret har kjøpt rettane til musikalen Grammatikk og kjærleik, som handlar om ungdomstida til Ivar Aasen. No har eit stort stjernelag av songarar og musikarar lagt siste hand på verket på ein CD med songane frå musikalen.

Musikalen er skriven av Astri Eidseth Rygh (tekst) og Svein Olav Blindheim (musikk), og CD-en, som kjem ut i vår, inneheld bidrag frå mellom anna Simone Larsen, Beate Slettevoll Lech, Side Brok, koret Stemmebandet og mange fleire. Til hausten vert det dessutan mogleg for skular å få kjøpt notane til musikalen, slik at dei kan setja han opp sjølve.