«Kunnskap for framtida»
Studiebygda Volda

             

Fra: 01. september 2017 08:30

Til: 01. september 2017 17:00

Stad: Biblioteket


1. september er det Nasjonal bibliotekdag, og dagen vert også markert på HVO-biblioteket. Det vert bokutdeling og konkurransar med fine premiar, blant anna ein middag i kantina (venleg sponsa av SiVolda) og eit HVO-sitteunderlag i ull.

bibl_620.jpg

Dei bibliotektilsette har rydda i hyllene i løpet av sommaren, og denne dagen gir dei bort mange bøker – både skjønnlitteratur og faglitteratur. Her gjeld det å vere tidleg ute for å sikre seg godbitane! I tillegg er det mykje ny litteratur til låns, så vert inspirert av Nye bøker-utstillinga på reolen ved inngangspartiet og på endegavlane.

Drops og sjokolade i skranken heile dagen.

Om nasjonal bibliotekdag:

Nasjonal bibliotekdag skal løfte fram alle typar bibliotek over heile landet. Dette gjelder alt frå små skulebibliotek til Nasjonalbiblioteket – frå heildigitale bibliotek til bokkassa i barnehagen. Dagen vert markert i folkebibliotek, skulebibliotek, fagbibliotek og mobile bibliotek. Initiativtakar er Norsk bibliotekforening: http://norskbibliotekforening.no/