«Kunnskap for framtida»

Vitskapleg publisering

Forskarar ved Høgskulen i Volda publiserer i nasjonale og internasjonale tidsskrift og bøker som vert rekna som kanalar for vitskapleg publisering ut frå ei kvalitetsvurdering.

Universitets- og høgskulerådet (UHR) står for kvalitetssikringa. Lista over tidsskrift og forlag som vert rekna som vitskaplege vert publisert av NSD. Sjå lista her. 

Norsk publiseringsindikator (NPI)

Norsk publiseringsindikator har til mål å fremje god forsking og skape oversikt over og innblikk i forskingaktivitetane.

Rapportering av vitskapleg publisering i 2017:

Rapporteringsinstruks for 2017-publikasjonar

Endring og bruk av publiseringspoeng (DBH-rapportering 2015- )

Både for universitet, høgskular, forskingsinstitutt og helseføretak er publiseringsindikatoren endra med verknad frå 2016. Det vart etter endringa nytta kvadratrot ved utrekninga av institusjonsdelar og ein faktor på 1,3 når publikasjonen har utanlandske medforfattarar.

For nærare informasjon om endringa og bruken av publiseringspoeng:

Notat frå Det nasjonale publiseringsutvalet. Mars 2016.

Informasjon frå Cristin/UHR.

Lokal bruk av publiseringsindikatoren:

Universitets- og høgskolerådets forskningsutvalg (UHR) og Det nasjonale publiseringsutvalget (NPU) har gått saman om ei tilråding vedkomande bruken av publiseringsindikatoren på lokalt nivå:

Om bruk av publiseringsindikatoren på lokalt nivå eller for enkeltforskere