«Kunnskap for framtida»

Ny bok: Klippfiskboka - ei spennande historisk og kulinarisk reise

Publisert: 22.08.2017 13:00 av Per Arne Brandal

– I denne boka fortel vi klippfisken si historie i Møre og Romsdal frå 1740 fram til i dag, seier professor og medforfattar Atle Døssland ved Høgskulen i Volda. – Det er også ei kokebok med ei rekkje spennande og smakfulle klippfiskrettar frå mange land, skyt prosjektleiar Bjørn Gunnar Tafjord inn.

Kristiansund

Tidleg på 1700-talet tok ein til med klippfiskproduksjon i Noreg. Kristiansund vart rekna for klippfiskhovudstaden. I dag er Noreg verdas største klippfiskprodusent med ein eksport på 4 milliardar kroner i året. 80% av eksporten går til Portugal.

– Nordmennene lærte å lage klippfisk av skottar som slo seg ned i Kristiansund i 1740-åra. Frå første stund har Portugal og Spania vore sentrale marknader då dei spansk–baskiske langdistansefiskeria på den iberiske halvøya ikkje lenger kunne levere nok torsk frå Newfoundland til heimemarknaden, seier Døssland som har skrive om starten på den norske klippfiskproduksjon på Nordmøre.

Atle_Dossland_og_Bjorn_Gunnar_Tafjord.jpgTil venstre: Atle Døssland, redaktør og forfattar i del 1. Døssland er professor emeritus i historie ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda. Han har arbeidd mykje med region- og kysthistorie, sosial og økonomisk historie med vekt på 1700- og 1800-talet. Han var forfattar av bind 1 i Fylkeshistoria for Møre og Romsdal (1990) og var medforfattar i tobindsverket om havfskeflåtens historie i Møre og Romsdal og Trøndelag (2006) og i fembindsverket Norges fskeri- og kysthistorie (2014). Til høgre: Prosjektleiar Bjørn Gunnar Tafjord. Han er seniorrådgjevar ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda. Han er redaktør og forfattar i del 2 av Klippfiskboka.

Frå Kristiansund til Ålesund

Midt på 1900-talet vart tyngdepunktet for norsk klippfiskproduksjon flytta til Ålesund, eit skifte som professor Arnljot Løseth ved Høgskulen i Volda (HVO) gjer greie for i boka.

– Klippfiskprodusentane i Ålesund greidde betre å omstille seg i høve til ny teknologi og greidde ordne seg med ein meir stabil tilgang til råstoff, forklarer Døssland.

Delikatesse

I mange katolske land vart fisk og klippfisk svært populær mat under fastetida. Forfattar og historikar Karsten Alnæs tek oss med på ei vandring gjennom den internasjonale klippfiskverda i del 1.

I Noreg er framleis klippfisken ei framand råvare for mange.

– I del 2 av boka har vi fått med oss kokkane Mindor Klauset og Tiago Lopes frå Klippfiskakademiet i Ålesund. Dei viser korleis ein skal behandle råstoffet, og presenterer ei rekkje lekre rettar frå klippfiskeelskane land som Brasil, Portugal, Spania, Den dominikanske republikk og Noreg, seier Bjørn Gunnar Tafjord.

Lansering

Boka vert lansert på Klippfiskakademiet i Ålesund onsdag 23. august og på Den norske Matfestivalen i Ålesund torsdag 24. – 26. august 2017.  Boka vil bli presentert  på ein stand i restaurantteltet på St. Olavs plass.

Klippfiskboka_Fra_lanseringa_620.jpgSentrale aktørar bak Klippfiskboka på Klippfiskakademiet i Ålesund onsdag 23. august.

Klippfiskboka_gjester_kokk.jpgDette biletet og dei to under er frå lanseringa på Klippfiskakademiet i Ålesund.

Klippfiskboka_kokk.jpg

Klippfiskboka_Mindor_Klauset.jpg

Denne videoen av Høgskulen i Volda/Per Arne Brandal skal visast på matfestivalen i Ålesund.

Les meir om boka på Selja Forlag.