«Kunnskap for framtida»

Asbjørn Flemmen

Ekte leik og spontanidrett i skulen

Asbjørn Flemmen er pensjonert førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. I over 30 år har han drive utviklingsarbeid, og gjennom prosjektet "Leikemiljø, barnet og leiken" har han utvikla ein teori for å forstå fenomenet EKTE LEIK/RØRSLELEIK. Flemmens filosofi ligg til grunn for over 40 arenaer ved ulike skular i Norge. Anlegget ved Skudeneshavn skole vart kåra til beste idrettsanlegg år 2000. I tillegg er Skileik eit anleggskonsept som byggjer på Flemmens filosofi om Ekte leik og spontanidrett. Konseptet har m.a. blitt ein del av Skiforbundet si trenarutdanning.

Asbjørn Flemmen arbeider på mange plan. Han skriv bøker, artiklar og føreles i inn- og utland. Han planlegg, utviklar og er konsulent på anlegg ved skular og barnehagar. Han vert også brukt som rådgjevar på nasjonalt og lokalt nivå. Gjennom undervisning ved Volda Lærarhøgskule og seinare Høgskulen i Volda har han inspirert fleire generasjonar med lærarar. Og når anlegga i Volda skal vedlikehaldast, er det Flemmen som står i spissen for det også.

I 2006 vart Flemmen nominert til Aktivitetsprisen. Dette er ein pris som Sosial- og helsedirektoratet i samarbeid med Nasjonalt råd for fysisk aktivitet deler ut for godt arbeid innan fysisk aktivitet og helse. Av dei rundt 50 nominerte var Flemmen ein av fire kandidatar som – i tillegg til prisvinnaren –  vart framheva spesielt av priskomiteen.

Fagleg interessefelt:

Mot et nytt paradigme i kroppsøvingsfaget. Bevegelsesleik, bevegelseslære og bevegelseslæring

Tidlegare arbeid/publikasjonar
:

Notat: Idrettsutdanning og vitenskapssyn. Notat nr. 12/2006. Høgskulen i Volda.

Artikkel: Kunnskapsløftet, kroppsøvingsfaget, og den spontane bevegelseskulturen.
               Om verdien av et attraktivt, mangfoldig og utfordrende uterom (2009).

Kronikk i: Utdanning nr. 10, 2010: ”Helhetlig utvikling og god helse med bevegelsesleik i skolen.”
Same artikkel i Kroppsøving 4-2010.

Artikkel: Kongeveien til motorisk læring. Vitenskapsbasert tilnærming til motorisk læring (2011).
Om ny forståelse av barns sosial-motorisk utvikling/læring i lys av nyere hjerneforskning, med fokus på speilnevron.

  
Frå "Jungelen" i forsøks- og demonstrasjonsområdet ved Høgskulen i Volda. Området er flittig brukt av naboar og elevar ved Øyra skule - både i og utanom skuletida.       Svev i Tarzan-jungelen ved Øreåsen skole, Rygg