«Kunnskap for framtida»
Studiebygda Volda

             

Publisert: 06.10.2009 12:30 av Per Arne Brandal

Førstelektor ved Høgskulen i Volda, cand. theol. Per Halse, har fått godkjent avhandlinga "Gudsord og folkemål. Framveksten av nynorsk kyrkjespråk 1859-1908" for prøving til doktorgraden ved Universitetet i Oslo. Dei offentlege prøvene finn stad ved Det teologiske fakultetet 20. og 21. oktober.

Tysdag 20/10 kl 1715 held doktoranden prøveforelesing over oppgjeve emne: "Religionsfaget i norsk skule sett i eit danningsperspektiv - frå allmugeskule til RLE" i Domus Theologica på Blindern. Onsdag 21/10 kl 1015 skal han forsvare avhandlinga same stad. Dei ordinære opponentane er førsteamanuensis Bjørg Seland, Universitetet i Agder og professor Hallgeir Elstad, Universitetet i Oslo.

 

Professor Berge Furre har vore hovudrettleiar, og professor Tarald Rasmussen har leia den sakkunnige komitéen som har vurdert avhandlinga. I den skriftlege fråsegna frå komitéen heiter det mellom anna:

 

Styrken i avhandlinga er utan tvil det nitide arbeidet med eit omfattande og mangfaldig, til dels tidlegare ubrukt kjeldemateriale. Kjeldehandsaminga er grundig og samvitsfull [...] Avhandlingsarbeidet demonstrerer i alle delar at doktoranden meistrar det historiske handverket svært godt.

 

Avhandlinga er i hovudtrekk lagt opp som ei kronologisk forteljing med deskriptivt preg - og forfattaren er ein god forteljar, med sans for litterære verkemiddel og evne til å uttrykke seg i klart og lettflytande språk. Framstillinga ligg tett opp til kjeldene. Ein kronologisk, deskriptiv og kjeldenær framstillingsmåte svarer også godt til eitt av hovudformåla med avhandlinga, som er å avdekke ein mangslungen prosess som det ikkje alltid er like lett å få overblikk over.

 

 

Førstelektor Per Halse
Førstelektor Per Halse.

 

Per Halse er tilsett ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, og han har undervist ved høgskulen sidan 1991. I tillegg til fleire artiklar særleg om historiske emne har Halse tidlegare skrive to lærebøker for høgare utdanning: Gudsord og menneskeord. Innføring i bibelkunnskap (1999) og Illustrert norsk kristendomshistorie (2002).